7 «Herre,» svara den sjuke, «eg har ingen som kan ta meg ned i dammen når vatnet vert opprørt; og medan eg er på vegen, stig ein annan uti føre meg.»
8 Jesus seier til han: «Stå opp, ta båra di og gå!»
9 Og straks vart mannen frisk; han tok båra si og gjekk.Det var ein sabbat dette hende;
10 difor sa jødane til han som hadde vorte lækt: «Det er sabbat, du har ikkje lov til å bera båra di.»
11 Mannen svara: «Han som gjorde meg frisk, sa til meg: Ta båra di og gå!»
12 «Kven er den mannen som sa at du skulle ta båra di og gå?» spurde dei.
13 Men han som hadde vorte lækt, visste ikkje kven det var; for Jesus hadde drege seg unna, av di det var så mykje folk der.