1 Sidan fór Jesus bort til hi sida av Galilea-sjøen eller Tiberias-sjøen.
2 Og mykje folk fylgde etter han, fordi dei såg teikna han gjorde då han lækte dei sjuke.
3 Jesus gjekk opp i fjellet, og der sette han seg saman med læresveinane sine.
4 Det leid mot påske, høgtida åt jødane.
5 Som no Jesus såg opp og la merke til at det kom mykje folk til han, sa han til Filip: «Kvar skal vi kjøpa brød, så alle desse kan få seg mat?»
6 Det sa han for å prøva Filip; for han visste sjølv kva han ville gjera.