21 Då lét dei han koma opp i båten, og straks var båten innmed land der dei skulle leggja til.
22 Dagen etter stod det endå mange menneske att på hi sida av sjøen. Dei hadde sett at det var berre ein båt der, og at Jesus ikkje gjekk i båten saman med læresveinane; dei hadde fare av stad åleine.
23 No kom det nokre båtar frå Tiberias og la til nær den staden der Herren hadde bede takkebøn og dei hadde ete brødet.
24 Då folket såg at korkje Jesus eller læresveinane hans var der, gjekk dei i båtane og fór over til Kapernaum og leita etter Jesus.
25 Dei fann han der, på den sida av sjøen, og sa til han: «Rabbi, når kom du hit?»
26 Jesus svara: «Sanneleg, sanneleg, det seier eg dykk: Det er ikkje fordi de såg teikn at de leitar etter meg, men fordi de åt av brøda og vart mette.
27 Arbeid ikkje for den mat som forgår, men for den mat som varer og gjev evig liv, den som Menneskesonen skal gje dykk. For på han har Gud, Faderen, sett sitt segl.»