41 Jødane murra mot han fordi han sa: «Eg er brødet som kjem ned frå himmelen.»
42 Og dei spurde: «Er ikkje dette Jesus, son til Josef? Vi kjenner då både far hans og mor hans. Korleis kan han seia at han er komen ned frå himmelen?»
43 Jesus svara: «Hald opp med denne murringa!
44 Ingen kan koma til meg utan at Faderen som sende meg, dreg han; og eg skal reisa han opp på den siste dagen.
45 Det står skrive hjå profetane: Alle skal vera opplærte av Gud. Kvar den som høyrer på Faderen og lærer av han, kjem til meg.
46 Eg seier ikkje at nokon har sett Faderen; berre han som er frå Gud, har sett Faderen.
47 Sanneleg, sanneleg, det seier eg dykk: Den som trur, har evig liv.