49 Fedrane dykkar åt manna i øydemarka, men dei døydde.
50 Det brødet som kjem ned frå himmelen, er slik at den som et av det, ikkje døyr.
51 Eg er det levande brødet som har kome ned frå himmelen. Den som et av dette brødet, skal leva til evig tid. Og det brødet eg vil gje, er lekamen min som eg gjev til liv for verda.»
52 No vart det strid mellom jødane, og dei sa: «Korleis kan han gje oss lekamen sin å eta?»
53 Jesus sa til dei: «Sanneleg, sanneleg, det seier eg dykk: Dersom de ikkje et lekamen til Menneskesonen og drikk blodet hans, har de ikkje livet i dykk.
54 Den som et min lekam og drikk mitt blod, har evig liv, og eg skal reisa han opp på den siste dagen.
55 For lekamen min er sann mat, og blodet mitt er sann drikk.