54 Den som et min lekam og drikk mitt blod, har evig liv, og eg skal reisa han opp på den siste dagen.
55 For lekamen min er sann mat, og blodet mitt er sann drikk.
56 Den som et min lekam og drikk mitt blod, vert verande i meg og eg i han.
57 Liksom Faderen, den levande, har sendt meg, og eg har liv ved han, så skal òg den som et meg, ha liv ved meg.
58 Dette er det brødet som er kome ned frå himmelen; det er ikkje det som fedrane åt, dei som døydde. Den som et dette brødet, skal leva i all æve.»
59 Dette sa han medan han lærte i synagoga i Kapernaum.
60 Mange av læresveinane hans sa då dei høyrde det: «Dette er harde ord! Kven kan høyra på slikt?»