6 Det sa han for å prøva Filip; for han visste sjølv kva han ville gjera.
7 Filip svara: «Brød for to hundre denarar rekk ikkje til så kvar av dei kan få eit lite stykke.»
8 Ein annan av læresveinane, Andreas, bror til Simon Peter, sa til han:
9 «Her er ein liten gut som har fem byggbrød og to fiskar, men kva er det til så mange?»
10 Då sa Jesus: «Lat folket setja seg!» Det var mykje gras der på staden, og dei sette seg. Talet på mennene var ikring fem tusen.
11 Då tok Jesus brøda, bad takkebøn og delte ut til dei medan dei sat der, og like eins av fiskane, så mykje dei ville ha.
12 Då dei var mette, sa han til læresveinane: «Sanka i hop dei stykka som er att, så ingen ting går til spille.»