1 og Jesus gjekk ut til Oljeberget.
2 Tidleg om morgonen dagen etter kom han til templet att. Alt folket samla seg ikring han, og han sette seg og lærte dei.
3 Då kom dei skriftlærde og farisearane med ei kvinne som var gripen i ekteskapsbrot; dei stelte henne fram
4 og sa: «Meister, denne kvinna har dei kome over medan ho gjorde ekteskapsbrot.
5 Moses har sagt oss føre i lova at slike kvinner skal steinast. Kva seier no du?»
6 Dette sa dei for å setja han på prøve, så dei kunne få noko å klaga han for. Jesus bøygde seg ned og skreiv på jorda med fingeren.
7 Men då dei heldt fram med å spørja, rette han seg opp og sa: «Den av dykk som er utan synd, kan kasta den fyrste steinen på henne.»