17 Og i dykkar eiga lov står det skrive at to manns vitnemål er sætande.
18 Eg vitnar om meg sjølv, og Faderen som har sendt meg, vitnar òg om meg.»
19 «Kvar er far din?» spurde dei. Jesus svara: «De kjenner korkje meg eller Far min. Hadde de kjent meg, hadde de kjent Far min òg.»
20 Dette sa Jesus attmed tempelkista medan han lærte i heilagdomen. Men ingen la hand på han; for tida hans var endå ikkje komen.
21 Ein annan gong sa Jesus til dei: «Eg går bort, og de kjem til å leita etter meg; men de skal døy i synda dykkar. Dit eg går, kan ikkje de koma.»
22 Då sa jødane: «Han vil vel ikkje ta sitt eige liv, sidan han seier: Dit eg går, kan ikkje de koma?»
23 Jesus sa til dei: «De er nedanfrå, eg er ovanfrå. De er av denne verda, eg er ikkje av denne verda.