21 Ein annan gong sa Jesus til dei: «Eg går bort, og de kjem til å leita etter meg; men de skal døy i synda dykkar. Dit eg går, kan ikkje de koma.»
22 Då sa jødane: «Han vil vel ikkje ta sitt eige liv, sidan han seier: Dit eg går, kan ikkje de koma?»
23 Jesus sa til dei: «De er nedanfrå, eg er ovanfrå. De er av denne verda, eg er ikkje av denne verda.
24 Eg sa at de skal døy i syndene dykkar. For trur de ikkje at «eg er Han», skal de døy i syndene dykkar.»
25 «Kven er du?» spurde dei. «Kvifor talar eg i det heile med dykk?» sa Jesus.
26 «Mykje har eg å seia om dykk og døma dykk for. Men han som sende meg, talar sant, og det eg har høyrt av han, det talar eg til verda.»
27 Dei skjøna ikkje at det var om Faderen han tala til dei.