30 Då han sa dette, var det mange som trudde på han.
31 Så sa Jesus til dei jødane som var komne til tru på han: «Vert de verande i mitt ord, er de rette læresveinane mine.
32 Då skal de få kjenna sanninga, og sanninga skal gjera dykk frie.»
33 «Vi er Abrahams ætt,» la dei imot, «og har aldri vore trælar for nokon. Korleis kan du då seia at vi skal verta frie?»
34 Jesus svara: «Sanneleg, sanneleg, det seier eg dykk: Kvar den som gjer synd, er træl under synda.
35 Ein træl vert ikkje verande i huset for all tid, men ein son vert verande der for all tid.
36 Får Sonen gjort dykk frie, vert de retteleg frie.