32 Då skal de få kjenna sanninga, og sanninga skal gjera dykk frie.»
33 «Vi er Abrahams ætt,» la dei imot, «og har aldri vore trælar for nokon. Korleis kan du då seia at vi skal verta frie?»
34 Jesus svara: «Sanneleg, sanneleg, det seier eg dykk: Kvar den som gjer synd, er træl under synda.
35 Ein træl vert ikkje verande i huset for all tid, men ein son vert verande der for all tid.
36 Får Sonen gjort dykk frie, vert de retteleg frie.
37 Eg veit at de er Abrahams ætt, men de vil drepa meg, av di ordet mitt ikkje får rom hjå dykk.
38 Eg talar om det eg har sett hjå Faderen, og de gjer det de har høyrt av dykkar far.»