35 Ein træl vert ikkje verande i huset for all tid, men ein son vert verande der for all tid.
36 Får Sonen gjort dykk frie, vert de retteleg frie.
37 Eg veit at de er Abrahams ætt, men de vil drepa meg, av di ordet mitt ikkje får rom hjå dykk.
38 Eg talar om det eg har sett hjå Faderen, og de gjer det de har høyrt av dykkar far.»
39 «Vår far er Abraham,» sa dei. Jesus svara: «Var de Abrahams born, gjorde de som Abraham.
40 Men no vil de drepa meg, ein mann som har sagt dykk sanninga, som han har høyrt av Gud. Det gjorde ikkje Abraham.
41 De gjer som far dykkar gjorde.» «Vi er ikkje fødde i hor,» sa dei. «Vi har éin far, og det er Gud.»