41 De gjer som far dykkar gjorde.» «Vi er ikkje fødde i hor,» sa dei. «Vi har éin far, og det er Gud.»
42 Jesus sa til dei: «Var Gud far dykkar, så hadde de elska meg; for eg har gått ut frå Gud og er komen til dykk. Eg er ikkje komen av meg sjølv, men han har sendt meg.
43 Kvifor skjønar de ikkje det eg seier? Fordi de ikkje toler å høyra mitt ord!
44 De har djevelen til far og vil gjera det far dykkar ynskjer. Han har vore ein mordar frå det fyrste og står ikkje i sanninga; det finst ikkje sanning i han. Når han lyg, talar han ut frå sitt eige, for han er ein lygnar og far åt lygna.
45 Men eg seier sanninga, og difor trur de meg ikkje.
46 Kven av dykk kan peika på synd hjå meg? Men når det er sanning eg seier, kvifor trur de meg ikkje då?
47 Den som er av Gud, høyrer Guds ord. De høyrer ikkje, fordi de ikkje er av Gud.»