46 Kven av dykk kan peika på synd hjå meg? Men når det er sanning eg seier, kvifor trur de meg ikkje då?
47 Den som er av Gud, høyrer Guds ord. De høyrer ikkje, fordi de ikkje er av Gud.»
48 Då svara jødane: «Er det ikkje sant som vi seier at du er ein samaritan og er forgjord?»
49 «Eg er ikkje forgjord,» sa Jesus, «men eg ærar Far min, og de vanærar meg.
50 Eg søkjer ikkje mi eiga ære. Det er ein som det gjer, og han dømer.
51 Sanneleg, sanneleg, det seier eg dykk: Den som held fast på mitt ord, skal ikkje i all æve sjå døden.»
52 Jødane svara: «No veit vi at du er forgjord. Abraham døydde, og profetane like eins. Og du seier: Den som held fast på mitt ord, skal ikkje i all æve smaka døden.