52 Jødane svara: «No veit vi at du er forgjord. Abraham døydde, og profetane like eins. Og du seier: Den som held fast på mitt ord, skal ikkje i all æve smaka døden.
53 Du er vel ikkje større enn Abraham, far vår? Både han og profetane døydde. Kven gjev du deg ut for å vera?»
54 Jesus svara: «Dersom eg ærar meg sjølv, er æra mi ingen ting verd. Det er Far min som ærar meg, han som de kallar dykkar Gud.
55 De har aldri kjent han, men eg kjenner han. Sa eg at eg ikkje kjenner han, var eg ein lygnar, liksom de. Men eg kjenner han og held fast på hans ord.
56 Abraham, far dykkar, gledde seg hjarteleg til å sjå min dag. Han fekk sjå han og fryda seg.»
57 «Du er enno ikkje femti år,» sa jødane, «og så har du sett Abraham?»
58 Jesus svara: «Sanneleg, sanneleg, det seier eg dykk: Før Abraham var, er eg.»