40 Sønene til Sjobal var Aljan, Manahat, Ebal, Sjefi og Onam. Sønene til Sibon var Ajja og Ana.
41 Son til Ana var Disjon, og sønene til Disjon var Hamran, Esjban, Jitran og Keran.
42 Sønene til Eser var Bilhan, Saavan og Jaakan. Sønene til Disjan var Us og Aran.
43 Dette er dei kongane som rådde i landet Edom før det var nokon konge som rådde over israelittane: Bela, son til Beor; byen hans heitte Dinhaba.
44 Då Bela døydde, vart Jobab, son til Serah frå Bosra, konge etter han.
45 Då Jobab døydde, vart Husjam frå Teman-landet konge etter han.
46 Då Husjam døydde, vart Hadad, son til Bedad, konge etter han. Det var han som slo midjanittane på slettelandet i Moab. Byen hans heitte Avit.