1 Hiram, kongen i Tyros, sende nokre utsendingar til David. Dei kom med sedertre og hadde med seg steinhoggarar og tømrarar. Dei skulle byggja eit slott for han.
2 Då skjøna David at Herren hadde stadfest kongedømet hans over Israel, og at kongsveldet hadde vorte stort for hans folk Israels skuld.
3 David tok seg fleire koner i Jerusalem, og han fekk endå fleire søner og døtrer.
4 Dette er namna på dei sønene han fekk i Jerusalem: Sjammua, Sjobab, Natan, Salomo,
5 Jibhar, Elisjua, Elpelet,
6 Nogah, Nefeg, Jafia,
7 Elisjama, Beeljada og Elifelet.
8 Då filistrane høyrde at David var salva til konge over heile Israel, drog dei alle ut og ville få tak i han. Men David fekk greie på det og drog ut mot dei.
9 Filistrane kom og plyndra i Refa'im-dalen.
10 Då spurde David Gud til råds: «Skal eg dra ut mot filistrane? Vil du gje dei i mine hender?» Og Herren svara: «Dra du; eg vil gje dei i dine hender.»
11 Så drog dei opp til Baal-Perasim, og der slo David dei. Då sa han: «Gud har ved mi hand brote igjennom fiendens rekkjer, slik vatn bryt seg veg.» Difor kallar dei den staden Baal-Perasim.
12 Der lét filistrane etter seg gudebileta sine, og David sa at dei skulle brennast.
13 Men filistrane kom att og spreidde seg ut over dalen.
14 Då bad David Gud om råd igjen, og han svara: «Du skal ikkje følgja rett etter dei. Gå rundt dei, så du kjem på dei midt framfor baka-trea.
15 Når du høyrer lyden av marsjgang over tretoppane, skal du gå til kamp. For då dreg Gud ut framfor deg for å slå filistarhæren.»
16 David gjorde som Gud hadde sagt han. Dei slo filistarhæren og forfølgde han frå Gibeon til Geser.
17 Davids namn vart kjent i alle land, og Herren lét frykt for han koma over alle folkeslag.