1. Krønikebok 4 N11NN

Judas ætteliste held fram

1 Sønene til Juda var Peres, Hesron, Karmi, Hur og Sjobal.

2 Reaja, son til Sjobal, fekk sonen Jahat, og Jahat fekk sønene Ahumai og Lahad. Det var Sora-slektene.

3 Dette er sønene til Abietam: Jisreel, Jisjma og Jidbasj – dei hadde ei syster som heitte Haslelponi –

4 Penuel, far til Gedor, og Eser, far til Husja. Dei var sønene til Hur, som var den førstefødde til Efrat og far til Betlehem.

5 Asjhur, far til Tekoa, hadde to koner, Hela og Naara.

6 Naara fødde Ahussam, Hefer, Temeni og Ahasjtari til han. Dette var sønene til Naara.

7 Sønene til Hela var Seret, Jishar, Etnan og Kos.

8 Kos fekk sønene Anub og Hassobeba, og han vart stamfar til slektene etter Aharhel, son til Harum.

9 Jabes var meir vørd enn brørne sine. Mor hans gav han namnet Jabes. «For eg har fødd han med smerte», sa ho.

10 Jabes kalla på Israels Gud og sa: «Å, om du ville velsigna meg, auka landområdet mitt og støtta meg med di hand, fria meg frå ulukke og spara meg for liding!» Og Gud lét det gå som han bad.

11 Kelub, bror til Sjuha, fekk sonen Mehir, han som vart far til Esjton.

12 Og Esjton fekk sønene Bet-Rafa, Paseah og Tehinna, han som vart far til Ir-Nahasj. Dette var mennene frå Reka.

13 Kenas hadde sønene Otniel og Seraja, og son til Otniel var Hatat.

14 Meonotai fekk sonen Ofra, og Seraja fekk sonen Joab, som vart stamfar til slekta i Handverkardalen. Dei var handverkarar.

15 Kaleb, son til Jefunne, hadde sønene Ir, Ela og Naam, og son til Ela var Kenas.

16 Sønene til Jehallelel var Sif, Sifa, Tirja og Asarel.

17 Sønene til Esra var Jeter, Mered, Efer og Jalon. Jeter vart far til Mirjam, Sjammai og Jisjbah, far til Esjtemoa.

18 Kona hans frå Juda fødde Jered, som vart far til Gedor, Heber, far til Soko, og Jekutiel, far til Sanoah. Dette er sønene til Bitja, dotter til farao, som Mered hadde gift seg med.

19 Kona til Hodia, som var syster til Naham, hadde desse sønene: far til Ke'ila frå Garem og Esjtemoa frå Maaka.

20 Sønene til Sjimon var Amnon, Rinna, Ben-Hanan og Tolon. Sønene til Jisji var Sohet og Ben-Sohet.

21 Etterkomarane av Sjela, son til Juda, var Er, far til Leka, Lada, far til Maresja, og dei slektene som høyrde til linvevar-lauget i Bet-Asjbea,

22 Jokim og mennene i Koseba, Joasj og Saraf, som hadde styrt i Moab, men var komne heim att til Lehem – etter gamle overleveringar.

23 Dei var pottemakarar, desse folka, og budde i Neta'im og Gedera. Der heldt dei til hos kongen og var i teneste hos han.

Ætta til Simon

24 Sønene til Simon var Nemuel, Jamin, Jarib, Serah og Saul.

25 Son til Saul var Sjallum, son hans var Mibsam, og son hans Misjma.

26 Sønene til Misjma var Hammuel, Sakkur og Sjimi.

27 Sjimi hadde seksten søner og seks døtrer. Men brørne hans hadde ikkje mange søner. Difor auka ikkje slekta deira så mykje som Juda-sønene.

28 Dei budde i Beer-Sjeba, Molada og Hasar-Sjual,

29 i Bilha, Esem og Tolad,

30 i Betuel, Horma og Siklag,

31 i Bet-Markabot, Hasar-Susim, Bet-Biri og Sjaarajim – desse byane hadde dei heilt til David vart konge –

32 og i landsbyane som høyrde til, i Etam, Ajin, Rimmon, Token og Asjan, fem byar i alt,

33 og i alle landsbyane som låg ikring desse byane, heilt til Baal. Dette var bustadene deira, og der var dei innskrivne.

34 Mesjobab, Jamlek og Josja, son til Amasja,

35 Joel og Jehu, son til Josjibja, som var son til Seraja, Asiels son,

36 Eljoenai, Jaakoba, Jesjohaja, Asaja, Adiel, Jesimiel og Benaja,

37 og Sisa, son til Sjifi, som var son til Allon, son til Jedaja, som var son til Sjimri, som var son til Sjemaja

38 – alle desse som her er nemnde med namn, var leiarar i slektene sine, og familiane deira breidde seg vidt.

39 Dei drog av stad bortover mot Gedor, til austsida av dalen, og ville leita etter beite til småfeet sitt.

40 Og dei fann eit beite som var rikt og godt. Landet var vidstrekt, det var stilt og fredfylt. Dei som budde der før, høyrde Ham-ætta til.

41 På den tid Hiskia var konge i Juda, kom dei som her er oppskrivne med namn, og gjekk til åtak på telta og bustadene deira der. Dei slo dei med bann og utrydda dei. Slik har det vore heilt til denne dag. Så busette dei seg der i staden for dei, for der var det beite for sauene deira.

42 Nokre av desse Simon-sønene drog til Se'ir-fjella. Det var fem hundre mann under leiing av Pelatja, Nearja, Refaja og Ussiel, sønene til Jisji.

43 Dei slo i hel resten av dei amalekittane som hadde sloppe unna. Så busette dei seg der og har budd der til denne dag.

Kapitler

1 2 3 4 5 6 7 8 9 10 11 12 13 14 15 16 17 18 19 20 21 22 23 24 25 26 27 28 29