1. Krønikebok 15 N11NN

Paktkista kjem til Jerusalem

1 Sidan bygde kongen seg fleire hus i Davidsbyen. Han stelte til ein stad for Guds paktkiste og reiste eit telt for henne.

2 Den gongen sa David: «Ingen andre enn levittane må bera Guds paktkiste; for dei har Herren valt ut til å bera paktkista og til å tena han for alltid.»

3 Så samla David heile Israel i Jerusalem. Dei skulle vera med og føra Herrens paktkiste opp til den staden han hadde stelt til for henne.

4 David kalla saman Aron-sønene og levittane:

5 av Kehat-sønene Uriel, den øvste, og slektningane hans, 120 mann;

6 av Merari-sønene Asaja, den øvste, og slektningane hans, 220 mann;

7 av Gersjom-sønene Joel, den øvste, og slektningane hans, 130 mann;

8 av Elisafan-sønene Sjemaja, den øvste, og slektningane hans, 200 mann;

9 av Hebron-sønene Eliel, den øvste, og slektningane hans, 80 mann;

10 av Ussiel-sønene Amminadab, den øvste, og slektningane hans, 112 mann.

11 Så kalla David til seg prestane Sadok og Ebjatar og levittane Uriel, Asaja, Joel, Sjemaja, Eliel og Amminadab

12 og sa til dei: «De er leiarar for familiane til levittane. Gjer dykk reine og heilage, både de og brørne dykkar, og før så paktkista til Herren, Israels Gud, opp til den staden eg har stelt i stand til henne.

13 Det var fordi de ikkje var med førre gongen, at Herren braut laus mot oss, fordi vi ikkje søkte han på rett vis.»

14 Så gjorde prestane og levittane seg reine og heilage for å føra opp Herren, Israels Gud si paktkiste.

15 Og levittane bar henne på akslene sine etter berestengene, slik som Moses hadde pålagt dei etter Herrens ord.

16 No sa David til dei øvste av levittane at dei skulle la songarane, brørne sine, gjera teneste med musikkinstrument, med harper, lyrer og symbalar. Dei skulle spela og la songen lyda høgt til glede og fest.

17 Då lét levittane Heman, son til Joel, stiga fram, og av slektningane hans Asaf, son til Berekja, og av Merari-sønene, slektningane deira, Etan, son til Kusjaja.

18 Saman med dei var slektningane deira av andre rang: Sakarja, Jaasiel, Sjemiramot, Jehiel, Unni, Eliab, Benaja, Maaseja, Mattitja, Eliflehu, Mikneja, Obed-Edom og Je'iel, dørvaktarane.

19 Songarane Heman, Asaf og Etan skulle slå på bronsesymbalar.

20 Sakarja, Asiel, Sjemiramot, Jehiel, Unni, Eliab, Maaseja og Benaja skulle spela på harpe etter «Alamot».

21 Og Mattitja, Eliflehu, Mikneja, Obed-Edom, Je'iel og Asasja skulle spela på lyre etter «Sjeminit» for å styra songen.

22 Kenanja var leiar for levittane som skulle bera paktkista. Han skulle leia flyttinga, for han var ein kunnig mann.

23 Berekja og Elkana var dørvaktarar ved paktkista.

24 Prestane Sjebanja, Josjafat, Netanel, Amasai, Sakarja, Benaja og Elieser bles i trompetar framfor Guds paktkiste, og Obed-Edom og Jehia var dørvaktarar ved kista.

25 Så tok dei i veg, både David, tusenmannsførarane og dei eldste i Israel. Med jubel skulle dei føra Herrens paktkiste opp frå huset til Obed-Edom.

26 Fordi Gud hjelpte levittane som bar Herrens paktkiste, ofra dei sju oksar og sju vêrar.

27 David var kledd i ei kappe av fint lin. Det var også alle levittane som bar paktkista, og songarane og Kenanja, den øvste av songarane som skulle bera. David hadde òg på seg prestedrakt av lin.

28 Så førte heile Israel Herrens paktkiste opp med jubelrop og støytar i bukkehorn, med musikk frå trompetar og symbalar, harper og lyrer.

29 Slik gjekk det til då Herrens paktkiste vart boren inn i Davidsbyen. Men Mikal, dotter til Saul, såg ut gjennom vindauget og fekk auge på kong David som dansa og leika, og ho vanvørde han i hjartet.

Kapitler

1 2 3 4 5 6 7 8 9 10 11 12 13 14 15 16 17 18 19 20 21 22 23 24 25 26 27 28 29