3 Saul var hardt pressa i kampen; bogeskyttarane kom over han, og han skalv av redsle for dei.
4 Då sa Saul til våpenberaren sin: «Dra sverdet ditt og støyt det gjennom meg, så ikkje desse uomskorne skal koma og mishandla meg.» Men våpenberaren ville ikkje; han var for redd. Då tok Saul sjølv sverdet og styrta seg mot det.
5 Då våpenberaren såg at Saul var død, styrta han seg mot sverdet sitt og følgde han i døden.
6 Slik døydde Saul og dei tre sønene hans, og heile hans hus døydde ut med han.
7 Då alle israelittane som budde i dalen, såg at soldatane hadde flykta, og at Saul og sønene hans var falne, tok dei ut frå byane sine og flykta. Og filistrane kom og slo seg ned der.
8 Dagen etter kom filistrane for å plyndra dei døde. Då fann dei Saul og sønene hans som låg falne på Gilboa-fjellet.
9 Dei plyndra Saul og tok med seg hovudet og våpna hans. Så sende dei bod rundt om i filistarlandet for å ropa ut sigersbodskapen for gudebileta og for folket.