6 Slik døydde Saul og dei tre sønene hans, og heile hans hus døydde ut med han.
7 Då alle israelittane som budde i dalen, såg at soldatane hadde flykta, og at Saul og sønene hans var falne, tok dei ut frå byane sine og flykta. Og filistrane kom og slo seg ned der.
8 Dagen etter kom filistrane for å plyndra dei døde. Då fann dei Saul og sønene hans som låg falne på Gilboa-fjellet.
9 Dei plyndra Saul og tok med seg hovudet og våpna hans. Så sende dei bod rundt om i filistarlandet for å ropa ut sigersbodskapen for gudebileta og for folket.
10 Våpna hans la dei ned i gudetempelet sitt, og hovudskallen hengde dei opp i Dagons tempel.
11 Då heile Jabesj i Gilead fekk høyra kva filistrane hadde gjort med Saul,
12 drog alle våpenføre menn av stad. Dei tok lika av Saul og sønene hans og førte dei til Jabesj. Så gravla dei knoklane deira under eiketreet i Jabesj og fasta i sju dagar.