1 Så kom heile Israel saman hos David i Hebron og sa: «Sjå, vi er av same bein og kjøt som du.
2 Alt for lenge sidan, då Saul var konge, var det du som førte Israel både ut og heim att. Herren din Gud har sagt til deg: Du skal vera hyrding for Israel, folket mitt, du skal vera fyrste over Israel.»
3 Så kom alle dei eldste i Israel til kongen i Hebron. David gjorde ei pakt med dei i Hebron for Herrens andlet. Og dei salva David til konge over Israel, som Herren hadde sagt gjennom Samuel.
4 David og heile Israel drog no til Jerusalem – det er Jebus. Der i landet budde jebusittane.
5 Dei som budde i Jebus, sa til David: «Her kjem du aldri inn!» Men David tok Sion-borga, som no er Davidsbyen.
6 David sa: «Den som først feller ein jebusitt, skal vera hovding og førar.» Joab, son til Seruja, kom først opp, og han vart hovding.
7 David slo seg ned i borga; difor kalla dei henne Davidsbyen.