21 Han var svært høgt akta mellom dei tretti og vart leiaren deira, men han kom ikkje opp mot dei tre.
22 Benaja, son til Jojada, frå Kabseel var ein modig mann og gjorde mange heltegjerningar. Han slo i hel dei to sønene til Ariel frå Moab. Ein dag det hadde snøa, steig han ned i ein brønn og drap ei løve.
23 Han felte òg ein svær egyptar som var fem alner høg. Egyptaren hadde eit spyd så tjukt som ein vevbom i handa. Men Benaja gjekk imot han med ein stav, reiv spydet ut av handa på egyptaren og drap han med hans eige spyd.
24 Dette gjorde Benaja, son til Jojada, og han fekk eit stort namn mellom dei tretti krigarane.
25 Han var høgt vørd mellom dei tretti, men kom ikkje opp mot dei tre. David sette han over livvakta si.
26 Dei djervaste krigarane var: Asael, bror til Joab; Elhanan, son til Dodo, frå Betlehem;
27 Sjammot frå Harod; Heles frå Pelon;