1 Dette er dei som kom til David i Siklag medan han endå laut halda seg unna Saul, son til Kisj. Dei høyrde til heltane som hjelpte han i kampen.
2 Dei var væpna med boge, og med både høgre og venstre hand kunne dei slyngja steinar og skyta piler med bogen. Dei høyrde til Saul sine slektningar, av Benjamin-stammen.
3 Det var hovdingen Ahieser, Joasj, son til Sjemaa frå Gibea; Jesiel og Pelet, sønene til Asmavet, Berekja og Jehu frå Anatot;
4 Jisjmaja frå Gibeon, ein helt mellom dei tretti og hovding over dei tretti; Jeremia, Jahasiel, Johanan og Josabad frå Gedera;
5 Elusai, Jerimot, Bealja, Sjemarja og Sjefatja frå Haruf;
6 Elkana, Jisjia, Asarel, Joeser og Jasjobam av Korah-slekta;