29 av Benjamin-stammen, Sauls slektningar, 3000 mann; til då hadde storparten av dei vore i teneste for Sauls hus;
30 av Efraim-stammen 20 800 djerve krigarar, namngjetne menn i familiane sine;
31 av den eine halvparten av Manasse-stammen 18 000 mann som var utpeika til å fara av stad og gjera David til konge;
32 av Jissakar-stammen 200 førarar, som hadde innsikt i å tyda tidene, så dei visste kva Israel skulle gjera, og alle slektningane som var under dei;
33 av Sebulon-stammen 50 000 våpenføre menn. Dei var rusta med alle slag våpen, ei fylking som heilhjarta ville hjelpa;
34 av Naftali-stammen 1000 førarar og med dei 37 000 mann som bar skjold og spyd;
35 av Dan-stammen 28 600 menn rusta til kamp;