1 David samrådde seg med førarane for tusen mann og hundre mann, med alle befalingsmennene.
2 Så sa han til heile Israels forsamling: «Om de synest det er rett, og om det er etter Herren vår Guds vilje, så lat oss senda bod vide ikring til brørne våre som er att i alle landsdelane av Israel, og samstundes til prestane og til levittane i byane deira med tilhøyrande beitemarker, og be dei koma saman hos oss.
3 Så skal vi henta vår Guds paktkiste hit. For i dagane til Saul spurde vi aldri etter den.»
4 Alle som var samla, sa at så skulle gjerast, for heile folket tykte dette var rett.
5 Så samla David heile Israel frå Sjihor i Egypt til Lebo-Hamat for å føra Guds paktkiste opp frå Kirjat-Jearim.
6 Saman med alle israelittane drog David til Baala, til Kirjat-Jearim, i Juda. Der ville han henta paktkista til Gud, kista som Herrens namn blir ropa ut over, han som tronar over kjerubane.