3 Så skal vi henta vår Guds paktkiste hit. For i dagane til Saul spurde vi aldri etter den.»
4 Alle som var samla, sa at så skulle gjerast, for heile folket tykte dette var rett.
5 Så samla David heile Israel frå Sjihor i Egypt til Lebo-Hamat for å føra Guds paktkiste opp frå Kirjat-Jearim.
6 Saman med alle israelittane drog David til Baala, til Kirjat-Jearim, i Juda. Der ville han henta paktkista til Gud, kista som Herrens namn blir ropa ut over, han som tronar over kjerubane.
7 Dei sette paktkista på ei ny vogn og førte henne frå Abinadabs hus. Det var Ussa og Ahjo som køyrde vogna.
8 David og heile Israel dansa og leika av all kraft for Guds andlet, og dei song til tonar frå lyrer og harper, trommer, symbalar og trompetar.
9 Men då dei kom til treskjevollen til Kidon, rette Ussa ut handa for å ta tak i paktkista fordi oksane var ustyrlege.