9 Men då dei kom til treskjevollen til Kidon, rette Ussa ut handa for å ta tak i paktkista fordi oksane var ustyrlege.
10 Då vart Herren brennande harm på Ussa. Han slo han fordi han hadde rett ut handa mot paktkista, og han døydde der for Guds andlet.
11 David var opprørt over Herrens plutselege utfall mot Ussa. Han kalla den staden Peres-Ussa, som han heiter den dag i dag.
12 Den dagen vart David gripen av frykt for Gud og sa: «Korleis skulle eg kunna føra Guds paktkiste heim til meg?»
13 Difor flytte han ikkje paktkista opp til seg i Davidsbyen, men sette henne i huset til Obed-Edom frå Gat.
14 Der vart Guds paktkiste ståande i tre månader. Og Herren velsigna Obed-Edom sitt hus og alt det som høyrde han til.