1 Dei førte Guds paktkiste inn og sette henne i det teltet som David hadde reist for henne, og dei bar fram brennoffer og fredsoffer for Gud.
2 Då David var ferdig med å bera fram brennofferet og fredsofferet, velsigna han folket i Herrens namn.
3 Så delte han ut eit rundt brød, ei daddelkake og ei rosinkake til alle israelittane, til kvar mann og kvinne.
4 Han sette nokre av levittane til å gjera teneste framfor Herrens paktkiste, til å påkalla, takka og lovsyngja Herren, Israels Gud.
5 Asaf var den øvste av dei, etter han kom Sakarja, så Asiel, Sjemiramot, Jehiel, Mattitja, Eliab, Benaja, Obed-Edom og Je'iel, alle med harper og lyrer. Asaf skulle slå på symbalane,
6 og prestane Benaja og Jahasiel skulle ha som fast oppgåve å blåsa i trompetar framfor paktkista.