14 Han er Herren vår Gud,lovene hans gjeld over heile jorda.
15 Hugs hans pakt til evig tid,ordet han gav, i tusen slektsledd,
16 pakta han gjorde med Abraham,og eiden han svor til Isak.
17 Dette sette han opp som forskrift for Jakob,som ei evig pakt for Israel.
18 Han sa: «Eg gjev deg landet Kanaantil arv og eige.»
19 Der var de ein liten flokk,få og framande.
20 Dei vandra frå folk til folk,frå det eine riket til det andre.