30 Skjelv for han, all jorda!Verda står fast, ho kan ikkje rokkast.
31 Himmelen skal gleda seg, jorda skal jubla.Dei skal forkynna mellom folka at Herren er konge.
32 Havet og alt som fyller det, skal brusa.Marka skal jubla med alt ho ber.
33 Då ropar kvart tre i skogen av frydfor Herrens andlet,for han kjem for å dømma jorda.
34 Takk Herren, for han er god,evig varer hans miskunn!
35 De skal seia: Frels oss, Gud, vår frelsar.Sank oss inn og berg oss frå folka,så vi kan prisa ditt heilage namnog uredde lovsyngja deg.
36 Velsigna er Herren, Israels Gud,frå æve til æve!Og heile folket sa «amen» og prisa Herren.