35 De skal seia: Frels oss, Gud, vår frelsar.Sank oss inn og berg oss frå folka,så vi kan prisa ditt heilage namnog uredde lovsyngja deg.
36 Velsigna er Herren, Israels Gud,frå æve til æve!Og heile folket sa «amen» og prisa Herren.
37 David lét Asaf og songbrørne hans vera der framfor Herrens paktkiste. Dei skulle ha som fast oppgåve å gjera teneste framfor kista, som det var fastsett for kvar dag,
38 og like eins Obed-Edom og brørne hans, sekstiåtte i alt. Obed-Edom, son til Jedutun, og Hosa skulle vera dørvaktarar.
39 Men presten Sadok og prestebrørne hans lét han vera ved Herrens bustad på offerhøgda i Gibeon.
40 Dei skulle ha som fast oppgåve å bera fram brennoffer for Herren på brennofferaltaret, både morgon og kveld, og gjera alt det som står skrive i den lova som Herren hadde gjeve Israel.
41 Saman med dei skulle Heman og Jedutun og dei andre utvalde som er nemnde med namn, prisa Herren og seia: «Evig varer hans miskunn!»