15 Alle desse orda og heile dette synet bar Natan fram for David.
16 Då gjekk kong David inn og sette seg for Herrens andlet. Han sa: Kven er vel eg, Herre Gud, og kva er mitt hus, sidan du har ført meg så langt?
17 Og endå var dette for lite i dine auge, Gud. Du har gjeve huset til tenaren din lovnader langt fram i tida. Og du har sett på meg som på ein mann av høg rang, Herre Gud.
18 Kva kan David leggja til den æra du har vist din tenar? Du kjenner då tenaren din.
19 Herre, for din tenar skuld og etter ditt eige hjarte har du gjort alt dette store og kunngjort så store ting.
20 Herre, det er ingen som du, og det finst ingen Gud utan du, etter alt vi har høyrt med våre eigne øyre.
21 Kven er som Israel, folket ditt? Det er det einaste folket på jorda som Gud kom til og fria ut for å gjera til sitt eige folk. Med store og skremmande gjerningar skapte du deg eit namn då du dreiv bort folkeslag for folket ditt, som du fria ut av Egypt.