8 Eg var med deg kvar du gjekk, og utrydda alle fiendane dine for deg. Eg har gjort namnet ditt stort, som namnet til dei største på jorda.
9 Eg vil stella til ein bustad for Israel, folket mitt, og planta det der. Dei skal få bu der og aldri bli uroa meir. Ugjerningsmenn skal ikkje lenger plaga dei som i gamle dagar.
10 Slik har det vore frå den tid eg sette dommarar over Israel, folket mitt, og tvinga alle fiendane dine under deg. No kunngjer eg deg at Herren vil byggja eit hus for deg.
11 Det skal henda når dine dagar er til ende og du fer til fedrane dine, at eg reiser opp din etterkomar, ein av sønene dine, til å følgja etter deg. Eg vil grunnfesta kongedømet hans.
12 Han skal byggja eit hus for meg, og eg vil tryggja trona hans til evig tid.
13 Eg vil vera far for han, og han skal vera son for meg. Mi miskunn vil eg ikkje ta frå han, så som eg gjorde med han som var før deg.
14 Eg vil for alltid setja han over mitt hus og mitt rike, og kongsstolen hans skal stå støtt til evig tid.