1 Ei tid etter dette slo David filistrane og tvinga dei under seg. Han tok frå dei Gat og småbyane ikring.
2 David vann over moabittane òg. Dei vart slavar for han og laut betala skatt.
3 Like eins vann David over Hadadeser, kongen av Soba, ved Hamat, då han drog ut for å vinna herredøme ved Eufrat.
4 David tok frå han 1000 vogner, 7000 ryttarar og 20 000 fotfolk. Han skar over hasane på alle vognhestane, men hundre hestar sparte han.