11 Alt dette helga kong David til Herren saman med det sølvet og gullet han hadde teke frå alle dei andre folka, frå edomittane, moabittane, ammonittane, filistrane og amalekittane.
12 Det var Absjai, son til Seruja, som slo edomittane i Saltdalen, 18 000 mann.
13 Han sette vaktpostar i Edom, og alle edomittane vart slavar for David. Slik hjelpte Herren David kvar helst han fór fram.
14 David rådde no over heile Israel. Han fremja rett og rettferd for heile folket sitt.
15 Joab, son til Seruja, var hærførar, og Josjafat, son til Ahilud, var kanslar.
16 Sadok, son til Ahitub, og Abimelek, son til Abjatar, var prestar og Sjavsja riksskrivar.
17 Benaja, son til Jojada, hadde ansvar for kretarane og pletarane, og sønene til David var dei fremste hos kongen.