3 Like eins vann David over Hadadeser, kongen av Soba, ved Hamat, då han drog ut for å vinna herredøme ved Eufrat.
4 David tok frå han 1000 vogner, 7000 ryttarar og 20 000 fotfolk. Han skar over hasane på alle vognhestane, men hundre hestar sparte han.
5 Aramearane i Damaskus kom og ville hjelpa Hadadeser, kongen av Soba. Men David felte 22 000 av dei.
6 David sette vaktpostar over aramearane i Damaskus. Dei vart slavar for David og laut betala skatt til han. Slik hjelpte Herren David kvar helst han fór fram.
7 David tok gullskjolda som mennene til Hadadeser hadde bore, og førte dei til Jerusalem.
8 Frå Tibhat og Kun, to byar som høyrde til Hadadeser, tok David bronse i store mengder. Av den laga Salomo bronsehavet, søylene og bronsekara.
9 Då To'u, kongen i Hamat, fekk høyra at David hadde vunne over heile hæren til Hadadeser, kongen i Soba,