7 David tok gullskjolda som mennene til Hadadeser hadde bore, og førte dei til Jerusalem.
8 Frå Tibhat og Kun, to byar som høyrde til Hadadeser, tok David bronse i store mengder. Av den laga Salomo bronsehavet, søylene og bronsekara.
9 Då To'u, kongen i Hamat, fekk høyra at David hadde vunne over heile hæren til Hadadeser, kongen i Soba,
10 sende han Hadoram, son sin, til kong David. Han skulle helsa han og ønskja han til lukke med sigeren over Hadadeser. For Hadadeser hadde støtt ført krig mot To'u. Hadoram hadde med seg gåver av gull, sølv og bronse.
11 Alt dette helga kong David til Herren saman med det sølvet og gullet han hadde teke frå alle dei andre folka, frå edomittane, moabittane, ammonittane, filistrane og amalekittane.
12 Det var Absjai, son til Seruja, som slo edomittane i Saltdalen, 18 000 mann.
13 Han sette vaktpostar i Edom, og alle edomittane vart slavar for David. Slik hjelpte Herren David kvar helst han fór fram.