15 den sjette Osem, og den sjuande var David.
16 Systrene deira var Seruja og Abigajil. Seruja hadde tre søner, Absjai, Joab og Asael.
17 Abigajil fødde Amasa. Far hans var ismaelitten Jeter.
18 Kaleb, son til Hesron, fekk søner med Asuba, kona si, og med Jeriot. Desse sønene var Jesjer, Sjobab og Ardon.
19 Då Asuba døydde, tok Kaleb Efrat til kone; ho fødde sonen Hur til han.
20 Hur fekk sonen Uri, og Uri fekk sonen Besalel.
21 Sidan gjekk Hesron inn til ei dotter til Makir, far til Gilead. Han var seksti år gammal då han tok henne til kone, og ho fødde Segub til han.