18 Kaleb, son til Hesron, fekk søner med Asuba, kona si, og med Jeriot. Desse sønene var Jesjer, Sjobab og Ardon.
19 Då Asuba døydde, tok Kaleb Efrat til kone; ho fødde sonen Hur til han.
20 Hur fekk sonen Uri, og Uri fekk sonen Besalel.
21 Sidan gjekk Hesron inn til ei dotter til Makir, far til Gilead. Han var seksti år gammal då han tok henne til kone, og ho fødde Segub til han.
22 Segub fekk sonen Ja'ir, som hadde tjuetre byar i Gilead-landet.
23 Men Gesjur og Aram tok frå dei teltbyane til Ja'ir og Kenat med småbyane ikring, i alt seksti byar. Alle desse var etterkomarar av Makir, far til Gilead.
24 Etter at Hesron var død i Kaleb-Efrata, fødde Abia, kona til Hesron, Asjhur. Han vart far til Tekoa.