2 Dan, Josef, Benjamin, Naftali, Gad og Asjer.
3 Sønene til Juda var Er, Onan og Sjela. Desse tre fekk han med Batsjua, ei kanaaneisk kvinne. Er, den førstefødde sonen til Juda, gjorde det som vondt var i Herrens auge, og han laga det så at han døydde.
4 Med Tamar, svigerdotter si, fekk Juda sønene Peres og Serah; i alt hadde han då fem søner.
5 Sønene til Peres var Hesron og Hamul.
6 Og sønene til Serah var Simri, Etan, Heman, Kalkol og Dara, i alt fem.
7 Karmi hadde sonen Akar. Det var han som førte Israel i ulukke då han var trulaus og tok for seg av det som var bannlyst.
8 Etan hadde sonen Asarja.