22 Segub fekk sonen Ja'ir, som hadde tjuetre byar i Gilead-landet.
23 Men Gesjur og Aram tok frå dei teltbyane til Ja'ir og Kenat med småbyane ikring, i alt seksti byar. Alle desse var etterkomarar av Makir, far til Gilead.
24 Etter at Hesron var død i Kaleb-Efrata, fødde Abia, kona til Hesron, Asjhur. Han vart far til Tekoa.
25 Jerahmeel, eldste son til Hesron, hadde sønene Ram, den førstefødde, og Buna, Oren, Osem og Ahia.
26 Men Jerahmeel hadde òg ei anna kone, som heitte Atara. Ho vart mor til Onam.
27 Ram, den førstefødde sonen til Jerahmeel, hadde sønene Maas, Jamin og Eker.
28 Sønene til Onam var Sjammai og Jada, og sønene til Sjammai var Nadab og Abisjur.