31 Appajim fekk sonen Jisji, Jisji fekk sonen Sjesjan, og Sjesjan fekk sonen Ahlai.
32 Sønene til Jada, bror til Sjammai, var Jeter og Jonatan. Jeter døydde barnlaus.
33 Men Jonatan fekk sønene Pelet og Sasa. Dette var etterkomarane av Jerahmeel.
34 Sjesjan hadde ingen søner, berre døtrer. Men han hadde ein egyptisk slave som heitte Jarha.
35 Sjesjan gav dotter si til kone for Jarha, og ho fødde Attai til han.
36 Attai fekk sonen Natan, og Natan fekk Sabad.
37 Sabad fekk sonen Eflal, og Eflal fekk sonen Obed.