49 Ho fekk òg sonen Sjaaf, som vart far til Madmanna, og Sjeva, som vart far til Makbena og Gibea. Kaleb hadde ei dotter òg; ho heitte Aksa.
50 Dette var etterkomarane av Kaleb.Hur, den førstefødde til Efrat, fekk sønene Sjobal, far til Kirjat-Jearim,
51 Salma, far til Betlehem, og Haref, far til Betgader.
52 Sjobal, far til Kirjat-Jearim, fekk sonen Haroe og vart far til halve Manahat-slekta.
53 Kirjat-Jearim-slektene var Jeter-sønene, Put-sønene, Sjuma-sønene og Misjra-sønene. Folket i Sora og Esjtaol kjem frå dei.
54 Etterkomarane av Salma var Betlehem, Netofa-slekta, Atrot-Bet-Joab, den andre halvparten av Manahat-slekta og Sora-slekta.
55 Slektene av skriftlærde som budde i Jabes, var Tira-sønene, Sjima-sønene og Suka-sønene. Dette er kinittane som kom frå Hammat, stamfar til Rekabs hus.