14 Då lét Herren pesten koma over Israel, og det døydde sytti tusen mann av folket.
15 Gud sende ein engel til Jerusalem for å øydeleggja byen. Men då han var i ferd med å gjera det, såg Herren det, og han angra det vonde. Han sa til engelen som herja: «Det er nok! Ta no handa til deg att!» Herrens engel stod då på treskjevollen til jebusitten Ornan.
16 Då David såg opp, fekk han auge på Herrens engel som stod mellom himmel og jord med eit lyft sverd i handa. Det var retta mot Jerusalem. Då kasta David og dei eldste seg til jorda, kledde i sekkestrie.
17 Og David sa til Gud: «Det var eg som sa at folket skulle teljast! Eg er den som har synda og gjort vondt. Men desse, som eg er gjetar for, kva har dei gjort? Herre, min Gud, lat handa di ramma meg og huset til far min, men spar folket ditt for landeplaga!»
18 Då sa Herrens engel til Gad at han skulle be David gå opp til treskjevollen til jebusitten Ornan og reisa eit altar for Herren der.
19 Så gjekk David opp dit, slik Gad hadde sagt i Herrens namn.
20 Ornan snudde seg og fekk sjå engelen. Dei fire sønene som var med han, gøymde seg, men Ornan heldt fram med å treskja kveite.