19 Så gjekk David opp dit, slik Gad hadde sagt i Herrens namn.
20 Ornan snudde seg og fekk sjå engelen. Dei fire sønene som var med han, gøymde seg, men Ornan heldt fram med å treskja kveite.
21 Då David kom, såg Ornan opp og fekk auge på David. Han gjekk bort frå treskjevollen og kasta seg ned for David med andletet mot jorda.
22 David sa til han: «Gjev meg staden der treskjevollen er. Eg vil byggja eit altar for Herren der. Lat meg få han for full pris, så pesten kan halda opp å herja i folket.»
23 Då sa Ornan til David: «Ta han berre! Min herre kongen må gjera kva han vil. Sjå, eg gjev deg oksane til brennoffer, treskjesledane til ved og kveiten til grødeoffer. Alt dette gjev eg.»
24 Men kong David sa til Ornan: «Nei, eg vil kjøpa det til full pris. Eg vil ikkje ta det som er ditt og gje det til Herren. Eg vil ikkje bera fram brennoffer som eg har fått for inkje.»
25 David gav Ornan 600 sjekel gull etter vekt for staden.