9 Men Herren tala til Gad, sjåaren til David, og sa:
10 «Gå til David og sei: Så seier Herren: Tre ting legg eg fram for deg. Vel ein av dei, og eg vil la han ramma deg.»
11 Då gjekk Gad til David og sa til han: «Så seier Herren: Vel sjølv:
12 anten hungersnaud i tre år, eller tre månader på flukt frå fiendane dine medan sverdet deira har overtaket, eller tre dagar med Herrens sverd og pest i landet medan Herrens engel valdar øydelegging i heile Israel. Tenk no etter kva eg skal svara han som har sendt meg.»
13 David sa til Gad: «Eg er i stor naud. Lat meg helst falla i Herrens hand! For hans miskunn er stor. Men i menneskehand vil eg ikkje falla.»
14 Då lét Herren pesten koma over Israel, og det døydde sytti tusen mann av folket.
15 Gud sende ein engel til Jerusalem for å øydeleggja byen. Men då han var i ferd med å gjera det, såg Herren det, og han angra det vonde. Han sa til engelen som herja: «Det er nok! Ta no handa til deg att!» Herrens engel stod då på treskjevollen til jebusitten Ornan.