7 David sa til han: Son, av heile mitt hjarte ønskte eg å byggja eit hus for namnet til Herren min Gud.
8 Men Herrens ord kom til meg: «Mykje blod har du aust ut, og store krigar har du ført. Du skal ikkje byggja noko hus for mitt namn, for du har aust ut mykje blod på jorda for mitt andlet.
9 Sjå, du skal få ein son som skal vera ein fredens mann. Eg vil la han få fred for alle fiendar rundt ikring. Salomo skal han heita, og i hans dagar vil eg gje Israel fred og ro.
10 Han skal byggja eit hus for namnet mitt. Han skal vera ein son for meg, og eg skal vera ein far for han. Eg vil tryggja kongsstolen hans i Israel til evig tid.»
11 Og no, min son, måtte Herren vera med deg! Måtte du lukkast med å byggja huset til Herren din Gud, slik som han har sagt om deg.
12 Måtte Herren gje deg forstand og innsikt når han set deg over Israel, så du held lova til Herren din Gud!
13 Då skal du lukkast, om du legg vinn på å halda dei forskriftene og boda som Herren gav Israel gjennom Moses. Ver modig og sterk! Ver ikkje redd og mist ikkje motet!