11 Jahat var leiar, Sisa den neste. Je'usj og Beria hadde ikkje mange søner. Difor vart dei rekna som éin familie, og dei vart mønstra under eitt.
12 Sønene til Kehat var Amram, Jishar, Hebron og Ussiel, fire i alt.
13 Sønene til Amram var Aron og Moses. Aron vart utskild, så han og sønene hans til alle tider skulle vigsla det høgheilage, tenna offereld for Herrens andlet, tena han og lysa velsigning i hans namn til evig tid.
14 Moses var ein Guds mann. Sønene hans vart rekna til Levi-stammen.
15 Sønene til Moses var Gersjom og Elieser.
16 Gersjom hadde sonen Sjubael, som var leiar.
17 Son til Elieser, Rehabja, var leiar. Elieser hadde ikkje andre søner, men sønene til Rehabja var talrike.